Biografi

Gunnar Stubseid er fødd i 1948 i Bygland, Setesdal. Han begynte å spele gitar i 12-årsalderen, men etter kvart overtok hardingfela musikkinteressa hans, og han lærde tradisjonsmusikk av spelemenn i Setesdal. Stubseid spelar både vanleg hardingfele og eldre modellar av instrumentet (Isak og Trond Botnen-modellar)

Gunnar Stubseid er utdanna  musikklærar ved Høgskolen i Bergen, og har magistergrad i etnologi frå Universitetet i Bergen. Han har hatt konsertar i ei rekkje land i Europa, i Kina, på Filippinane og i Canada. Han har tidlegare spela i folkemusikkgruppene Slinkombas og Setesdalarna.

Gunnar Stubseid og Ale Møller gav ut plata Reisaren i 1997, eit album som blei nominert til Spellemannprisen i 1998.

Stubseid har, både solo og i samarbeid med andre folkemusikarar, gitt ut eit titals plater med folkemusikk. Han har hatt nært samarbeid med mange folkemusikarar, m.a. Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum, Leif Rygg, Einar Mjølsnes, Berit Opheim Versto, Sondre Bratland og Steinar Ofsdal. Også utanlandske folkemuskarar som Ale Møller, Per Gudmundsson, Bjørn Ståbi, Aly Bain og Lena Willemark har vore nære samarbeidsvener. Innan klassisk/tidlegmusikk har han samarbeidd med m.a. Håkon Austbø, Sigvald Tveit, Eilert Hægeland, Paul Høxbro, Helen Davies og Miriam Andersén.

Stubseid har også gitt ut bøker om folkemusikk, m.a. biografi om Sigbjørn Bernhoft Osa og) Ole Bull og folkemusikken (i samarbeid med Håkon Asheim), og skriva ei rekkje artiklar om emnet. Han er æresmedlem i Setesdal Spelemannslag, og har fått Spellemannprisen, Ole Bull-medalja, Kulturprisen i Bygland og Hilmar Alexandersen Musikkpris.

Stubseid var tilsett som rektor ved Ole Bull Akademiet frå 2003 til 2012.

Stubseid gir konsertar både solo og i samarbeid med andre, og har eigen gammaldanstrio, Stubseid trio.

For Gunnar Stubseid ligg den tradisjonelle spelstilen på hardingfele i botnen av det musikalske uttrykket. Det er dette som er hans grunnleggjande musikalske uttrykk, men eit slikt uttrykk vil endre seg i samspel med andre musikarar.

Utdanning

  • Lærarskoleeksamen frå 3-årig studentline med innlagt 1 års spesialfagstudium i musikk, Bergen off. lærarskole 1972
  • Folkloristikk grunnfag, Universitetet i Bergen 1974
  • Etnologi grunnfag, Universitetet i Bergen 1976
  • Magistergrad i etnologi, Universitetet i Bergen 1989

Pedagogisk og administrativt arbeid. Feltarbeid, stipend

  • 1972 – 1974: folkemusikkarkivar ved Folkemusikkavdelinga, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen .
  • 1973 – 1974:  timelærar ved Bergen off. lærarskole.
  • 1974 – 1975:  interkommunal musikkleiar i Valle og Bykle, kombinert med timar ved Sætrum ungdomsskule i Valle.
  • 1975 – 1976: vitskapeleg assistent ved Arne Bjørndals Samling, Etno-folkloristisk institutt, Universitetet i Bergen.
  • 1977 – 1979:  interkommunal musikkleiar i Valle og Bykle.
  • 1981 – 1989: pedagogisk leiar og lærar ved Ole Bull Akademiet på Voss.
  • 1989 – 1994: prosjektleiar for Ose Kulturverkstad, Bygland
  • 1994 – 1997: lektor ved Valle vidaregåande skule.
  • 1997: førstekonsulent ved Førskolelærerutdanningen, Høgskolen i Oslo.
  • 1997/98: stipend frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
  • 1998 – 2002: undervisningsleiar ved Ole Bull Akademiet
  • Hausten 2002: 4 mnd. stipend frå Griegforsk (Troldhaugen), Bergen
  • 2003 – 2012: rektor ved Ole Bull Akademiet, Voss

Stubseid har vore gjesteførelesingar og gitt undervisning på Master Class ved m.a. Musikhøgskolan i Stockholm, Musikhøgskolan i Malmø, Vrå Folkehøyskole (Danmark), Høgskolen i Telemark, Høgskolen i Østfold, Noregs Musikkhøgskole, Hochschüle für Musik und Darstellende Kunst i Wien, China Conservatory i Beijing og ved Universitetet i Bergen. Han har vore førelesar på ei rekkje seminar om folkemusikk, og sensor og medlem i vurderingskomité ved Det humanistiske fakultet ved NTNU (Trondheim), og ved Folkemusikkstudiet i Rauland, Høgskolen i Telemark.